kameleon quilt logo

Bestille foto på printa på stoff


Ved å førehandsimpregnere stoff er det no muleg å printe vannfaste bilete eller tekst direkte på stoff. Denne metoden gjer at stoffet endrar seg lite, og det får ikkje den litt “gummiaktige” overflata som f.eks ved bruk av overføringspapir (t-skjorte-trykk).
Kameleon Tekstildesign kan no tilby å printe bileta dine direkte på stoff med denne metoden.

Kva kan brukast
Ein kan bruke både fargebilete og svart-kvit bilete, anten i papirformat eller på CD i vanlege bildefilformat (jpeg, gif, tiff, bmp), og sjølvsagt foto tekne med digitalkamera. Papirbilete må eg scanne før eg printar dei, og det er muleg å ta utsnitt av, forstørre eller forminske det opprinnelige biletet. (NB! Bilete som i utgangspunktet er uskarpe kan ein ikkje rekne med å få særleg skarpare enn dei er, og egnar seg difor dårleg til å forstørre).

Haldbarheit
Eg printar med pigmentbasert blekk som ikkje falmar i lys. Utskriftet toler vatn, og kan strykast på direkte, men for sterk varme kan gjere trykket noko sprøtt over tid. Vasking bør skje for hand og utan å gni trykket for mykje. Bruk ikkje bleikemiddel. Ved vask i maskin må ein rekne med falming og mekanisk slitasje på trykket (gniskader, vaskestriper).


PDF dokument med standard prisar.

Bestillingsskjema.


Kontakt meg gjerne på e-mail for nærare informasjon eller bestilling.





Foto på stoff framside





Go to English pages


Heim 

Om meg 

Kameleon Quiltar 

Galleri 

Mønster til salgs 

Arbeid under utforming 

Inspirasjon 

Foto på stoff 

Data og quilting 

Teppe laga av andre 

Gratis mønster  

 

Linkar 

E-mail 

Heim | Om meg | Kameleon Quiltar | Galleri | Mønster til salgs | Arbeid under utforming | Inspirasjon | Foto på stoff | Data og quilting| Teppe laga av andre | Gratis mønster| Linkar | E-mail |

TIL TOPPEN


Copyright 2002-2007 Eldrid Røyset Førde